|
Austevoll folkebibliotek er lokalisert i andre
etasje i Bekkjarvik Torg på Selbjørn.
Utlånsreglement
| Lånetid: |
|
| Video |
|
1
veke |
|
| Anna
materiale |
|
4
veker |
|
Innmelding:
Lånaren må minst vera 6 år (byrja på skulen dette året) for å få eige lånekort. Dersom lånaren
er yngre
enn 16 år, skal foreldre/ føresette skrive under på innmeldinga.
Ved innmelding skal lånaren syne
legitimasjon.
Lånaransvar:
Lånaren skal ikkje overlata lånekortet til andre. Lånekortet er
personleg, og lånaren er ansvarleg for alle lån som er
registrert på eige lånekort. Lånaren skal
melde frå
om adresseendring. Lånaren skal halde greie på lånt materiale. Lånt
materiale skal leverast tilbake i rett tid.
Ved tap av lånekort må det betalast kr. 10,- for å få nytt.
Lånerestriksjonar:
Ved lån av video, må lånaren vere merksam på avvikande lånetid i
høve til anna materiale, og at biblioteket krev overdagspengar om
filmane er levert for seint.
Ein kan berre låne 5 videofilmar om
gongen.
Om ikkje bøker og anna materiale vert
levert innan fristen, gjeld slike satsar for gebyr:
1. purring: Kr. 0,- (Påminning)
2. purring: Kr. 25,-
3. purring: Kr. 75,-
4. purring: Rekning for ikkje
innlevert materiale
Lånaren kan få inndrege lånekortet
dersom lånereglane ikkje vert følgde.
Utvida lånetid:
Lån kan fornyast ved vitjing i biblioteket, over telefon eller på
internett via heimesida.
Adressa til vår heimeside er
http://austevoll.bibliotekivest.no
Reservering:
Det er høve til å reservera utlånt materiale. Lånaren får då
melding i posten når reservert materiale kan hentast på
biblioteket.
Tenesta er gratis.
Fjernlån:
Mykje av materialet som ikkje er å finna i bibliotekets samlingar,
kan lånast inn frå andre bibliotek. Tenesta er gratis.
Lån av alle typar materiale er
gratis.
Ved lån av video må ein betala
gebyr på kroner 5,- pr døgn etter forfall av lånet,
dette gjeld òg for sundagar og heilagdagar.
Dersom lånt materiale ikkje kjem
attende til biblioteket, eller materialet
er skadd, har lånaren erstatningsansvar. Lånaren må då betala
vederlag etter bibliotekets verdsetjing av materialet.
Lånereglane sist revidert med mindre
endringar den 2.2.2010
REGLEMENT FOR
INTERNETTBRUK
1.Austevoll folkebibliotek er ikkje
ansvarleg for innhaldet på Internett.
2. Austevoll folkebibliotek har
Biblioteklova § 1 som retningsline for
sitt tilbod.
3. Føresette er ansvarleg for barn
under 16 år sin bruk av Internett
på Austevoll folkebibliotek.
4. Austevoll folkebibliotek åtvarar
om at materiale på Internett
kan verka støytande på enkelte.
5. Internetterminalen skal
reserverast før bruk. Maskina
kan ikkje reserverast for meir enn ein halv time om gongen.
6. Det er ikkje lov å lasta ned og
installera programvare
på Internettmaskina.
7. Brot på norsk lov ved bruk av
Internetterminalen vil medføra
bortvisning og inndraging av tilgangsretten.
8. Det er ikkje lov å lasta ned
eller sjå på pornografi på
Internetterminalen.
9. Det er ikkje høve til å bruka
eigne e-post adresser på
Austevoll folkebibliotek si Internettmaskin. Web-baserte e-post
tenester som Hotmail er tillete brukt.
10. Det er høve til å ta utskrift.
Pris er kr. 2,- pr. utskrift.
11. Skulen betalar same pris pr.
utskrift som andre brukarar
|